torsdag 28. august 2014

Første møtet med faget Mat, kultur og konservering


"Ein kan ikkje leve godt, elske godt, eller sove godt - utan å ete godt"

Forrige helg var eg på mi fyrste samling på deltidsstudiet Mat, kultur og konservering (MKK). Dette er eit studium som gjev 30 studiepoeng, med føresetning om at ein møtar på dei åtte samlingane i løpet av året, leverar inn arbeidskrav til rett tid og består eksamen. Med andre ord, eit godt og overkommeleg studium der alle som vil kan søke.Der vil tilsaman vere åtte samlingar i løpet av året, kor ein blant anna får grunnleggjane kunnskapar om konservering som sylting, safting, hermetisering og tørking av frukt og bær. Utover hausten skal me og lære å slakte og partere kjøt, bake lefser og anna julebakst før me avsluttar med den store julemiddagen før det nye året. 

Me har til no hatt ei samling, der me lærte om safting, sylting og hermetisering. Seinsumaren er ei fantastisk tid, og det er om å gjere å nytte seg av alle frukter og bær ein kan kome over. Her eg bur, har eg tilgang til flotte eple- og plummetre i hagen, samt ulike bærsortar. I sumar var eg på fjellet og plukka kilovis med multer! Det er litt dårleg med blåbær i år, men fine bringebær og jordbær etter ein flott sumar veg opp for det. Eg ser fram til å lære mykje meir innan mat, kultur og konservering dette året. Eg tykkjer det er viktig å ta vare på tradisjonar, og håper å kunne tileigne meg litt kunnskap innan det eine og det andre, slik at eg er i stand til å vidareføre det til andre igjen, om det så vert elevar i skulen eller eigne born i framtida. Fyrst og fremst er det ein stor glede for meg sjølv å kunne servere heimelaga multesylte, eplemost og hylleblomstsaft. Enkelt og så godt.

Her i Volda skin sola og temperaturen ligg opp mot tjuetalet i dag. Springetur i varmen vert det seinare, men no fyrst skal plommer hermetiserast og fine multebær skal takast opp av frysaren og verte til herlig multesylte.Medan eg finn fram forkledet tenkjer eg som Pippi Langstrømpe; "Dette har eg aldri prøvd før, så det klarer eg heilt sikkert." Det endelege resultatet vil kome seinare.Ha ein framleis god dag, og takk for besøket!

- Ingrid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar