Det halve hovudet av sau som eg har salta og tørka vart henta ned frå Klokketårnet i dag tidleg. Det er no ferdig, og det vert spanande å høyre tilbakemelding på kjøtet og dei andre produkta. Plomme- og multesylta er levert, og etter det eg kan sjå så ser det bra ut. No får ikkje eg opna glasa for å vurdere, men glasa eg har opna undervegs har vist at konserveringsprosessen har gått rett føre seg.
Nordlandslefsene er framleis gode på smak og konsistens, sjølv om eg var spent på korleis dei ville verte etter veker oppbevart i kakeboks - men dette ser ut til å ha gått bra. Flatbrøda er sprø og gode på smak. Så då er det berre å vente på tilbakemelding, og halde fram med å lese til eksamen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar